Ellen EllenSøskenWebdesign


Ellen

Namn: Ellen Hareide

Alder: 24 år

Bor: Hareid

Interesser: Vennekveldar, danse, web/grafisk design, teikning, foto, hund, sjå film og tv, kafëbesøk.

Søsken: Solveig (tvillingsystra mi) og Mari (28 år).

Dyr: Holly og Fru Frank (ho-katt). Katten bor på Hareid der eg kjem frå. Eg har vakse opp med kattar i heimen. I tillegg hadde vi hunden Toya (goldenretriever/labrador- blanding tispe) frå eg var ca. 11 til 17 år.

Jobb: I september og oktober -08 jobba eg som IT-konsulent brukerstøtte (telefonsupport). I november -08 starta eg i jobb som Portalutviklar trainee:), men det vart nedskjering og eg måtte gå 19.desember :/ So no driv eg å leitar etter ein ny jobb i området Hareid/Ulsteinvik/Fosnavåg/Volda/Ørsta/Ålesund.

Treng du heimeside eller ei brosjyre av eit slag er det berre å ta kontakt for eit tilbud:) Ta ein titt i porteføljen min om du vil det. Der finn du også kontaktinformasjon.

Framtidsplan: Eg vil gjerne drive med webdesign, men ønskar å få meg jobb innan IT eller ei prosjektstilling av eit slag.

Høgskule: Eg vart ferdig med bachelorstudiet IT-støttet bedriftsutvikling ved AITEL på Høgskolen i Sør-Trøndelag våren -08.

Folkehøgskule: Eg tok meg eit friår etter vidaregåande å gjekk Mote, design og kreasjon på Frekhaug folkehøgskule. Dette var no litt kjekt, men følte ikkje eg lærte so mykje i løpet av dei 9 månadane. Eg kunne godt jobba i staden for å ha fått litt arbeidserfaring.

Vidaregåande skule: Gjekk GK Helse-og sosial og VK1 Barne-og ungdomsarbeidar på Herøy vidaregåande, so VK2 Allmennfagleg påbygging på Ulstein vidaregåande skule.